Gutar / Jenter 9 år og 10 år

I 9- og 10 års alderen har nokre born spelt handball ei stund, mens andre blir kjent med handballen  for første gong.

Treningane til 9- og 10-åringane er prega av ball-leik, fysisk aktivitet, koordinasjon, ballkontroll og samspel, pluss innlæring av spelereglar i handball. Når ein blir 9 år aukar vi frå ein til to treningar i veka. Alle skal ha det kjekt på trening. Det sosiale samspelet skal være ein viktig del av handballen.

Vi vil legge til rette for allsidigheit, og vi oppmuntrar barn til å delta på fleire idrettar. I overgangen mellom sommar- og vintersesong kan det t.d. vere born som er i fotballsesong med treningar og kampar. Det går då fint å møte på kun ei handballtrening i veka så lenge fotballsesongen varer.

Trenarane er ofte ungdommar som sjølv spelar handball i Dale IL. For trenarane er det bra om foreldre er behjelpelege med praktiske oppgåver, t.d. sikring av mål og hjelpe med å halde «orden i rekkene». Laga pleier difor å lage til ei foreldrerullering med fokus på dette.

9- og 10 åringane spelar 5’ar handball på kortbane. 5’ar handball betyr at det er fem spelarar på bana, men ein kan ha med inntil ti spelarar til kamp. Kortbane betyr at dei spelar på full bredde av ei vanleg handballbane, men med avkorta (2/3) lengde.

Norges Håndballforbund er delt opp i ulike regionar, og vi kjem inn under Region Vest. På deira heimeside finn du nærmare informasjon om 5’ar handball.

Kvar handballregion er delt inn i soner, og vi kjem inn under Sone 2. Laga ein spelar mot i 9- og 10-års alderen kjem frå same sone. Det vert meldt på lag i Aktivitetsserie for heile sesongen, der ein har heime- og bortekampar i løpet av sesongen.

Om ein gut eller ei jente ynskjer å prøve seg på handball, er det berre å møte opp på trening, evt. kan de kontakte oppmann (foreldrekontakt) på førehand. Vi har lite krav til utstyr, men det er fint å ha på kle som er lette å bevege seg i. Ta med innesko om ein har, då vi ikkje kan nytte utesko i hallen. Evt. kan ein trene i berre sokkane i starten. Ei flaske med vatn er godt å ha; vi legg inn drikkepausar.

Vi har handballar og anna utstyr til bruk på trening.

Treningstider

Dag Tid Notat
Tysdag 16:00-17:15 Fjalerhallen
Torsdag 15:45-17:00 Fjalerhallen

Kontaktpersoner

Tittel Navn E-post Telefon
Oppmann Kari-Ann Stenseth