Allereie som 6-åring kan ein bli introdusert for handball på Dale IL si alltrening for barn, og frå 7 år har vi tilbod om eigne handballtreningar.
Avhengig av tal spelarar, har vi anten eitt eller to lag pr. årsklasse, eller vi set saman lag frå to årsklassar. Dei yngste laga kan spele ilag gutar og jenter, men deretter har vi reine jente- og gutelag. Treningane er i hovudsak i Fjalerhallen i Dale, men kan for dei yngste laga også vere i idrettshallen på Dingemoen skule.
Dale sitt damelag har dei siste ti åra spelt i 3. divisjon, som er øvste regionale nivå. Frå sesongen 2022/23 har vi og herrelag i regional serie, i 5. divisjon. Handballkampar er prega av høgt tempo og mange mål, og heimekampane i Fjalerhallen er opne for publikum. Møt gjerne opp for å heie fram laga våre.
Vi ynskjer at handballgruppa skal vere prega av idrettsglede, samhald og sportsleg utvikling, uavhengig av alder og ferdigheitsnivå. Vi har gode sponsorar rundt oss, med hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane i spissen.
Handballen er bygd opp av frivillig innsats, der både små og store bidrag er viktige. I Dale IL Handball har vi spelarar, dommarar, foreldre, trenarar, lagleiarar, kiosk-mannskap og Fair-Play vertar, for å nemne nokon. Dette er eit kjekt lag å vere ein del av, og saman utgjer vi handballgruppa.
Med utgangspunkt i godt samarbeid og god støtte frå alle, ynskjer vi å gje våre born og unge eit godt sportsleg tilbod og trygge rammer rundt det enkelte lag. Eit viktig element og drivkraft for arbeidet med å få til eit godt handballmiljø i Fjaler er å ha eit kontinuerleg fokus på forbetring og utvikling.
Har du spørsmål rundt eit spesifikt lag, finn du meir informasjon under Handballaga. Her finn du og kontaktinformasjon til oppmann (foreldrekontakt). Har du overordna spørsmål, kan det rettast til styret eller til sportsleg utval.
Følg elles Facebook-sida vår Dale IL Handball for aktuelle kampar og andre nyhende.
Vi ser fram til små og store handballopplevingar framover – heia Dale!