Link til saka frå NHF finn du her: Debutanter i 3. divisjon for kvinner

Det er Jan-Erik, Katja og Aleksandra som alle er komme opp på Nivå 6 og har debutert som dommar på seniornivå. Dette er motiverande og kjekt for dei, og det er gledeleg for klubben å ha fått opp dommarar på dette nivået.

I 2022/23 vart det i tillegg utdanna tre nye på Dommar 1-nivå, som er kvalifiserte til å dømme opp til og med 14 år, og alle har fått prøve seg på dette nivået. Vi har og utdanna fem nye til Dommar barnehandball, som er kvalifisert til å dømme opp til 12 år. Alle har fått prøvd seg på dette nivået og har i tillegg vore med og dømt kampar i dei yngre klassane.

Det er veldig kjekt og inspirerande å få jobbe med vårt nye dommar-team. Ein gjeng med "ja" mennesker som alltid stiller opp, og som er lærevillige og ynskjer å bli enda betre kampleiarar. Vi skal fortsette jobben med å legge til rette for at denne utviklinga fortset for denne gjengen ved å skape ein trygg og god læringsarena. Vi skal bygge eit dommarmiljø der vi som dommarar føler ein tilhørighet og at vi er ein del av eit "lag". Vi skal og legge til rette for at fleire ynskjer å bli ein del av vårt dommar lag ved å tilby nye kurs og oppfølging for å gjere dei trygge i den nye rolla. 

Det er "ingen kamp uten dommar", som betyr at dommaren har ei viktig rolle for å kunne få avvikla handballkampar. Vi kan alle vere med å påvirke og heie fram våre flinke dommarar - anten ein er dommaransvarleg, trenar, spelar eller foreldre - slik at vi klarer å behalde våre dommarar lenger. Så vi må bli flinkare til å skryte og gi gode tilbakemeldingar når våre dommarar presterer. 

Vi er stolte og glade over å sjå den gode utviklinga i dommarmiljøet!

Kontaktperson er dommaransvarleg Magn-Helge Brattelid.