Damelaget til Dale rykka ned i 4. divisjon etter 13 år på øvste regionale nivå i 3. divisjon. Nivået i 3. divisjon er høgt, og med eit lag som nesten kun besto av 17-åringer, vart dette for tøft for Dale. Dale hadde holdt plassen om laget slo Os på bortebane, men det ble eit knepent tap mot eit langt meir rutinert Os-lag.
Vilje Sande Neset ble toppscorar i 3. divisjon med 170 mål. Både Vilje og resten av laget har hatt stor fremgang i sesongen, men det var likevel ikkje nok. Jeanette Øksenberg er fortsatt målkongen i Dale i 3. divisjon med sine 381 mål på 49 kampar. Amalie Myklebust med sine 110 kampar har framleis flest kampar.
Dei unge Dalegutane og -jentene har prestert svært bra i dei aldersbestemte klassane i regionsserien, som er ein felles serie for heile Vestland Fylke. Gutar junior vart nr. 3 av 8, Jenter junior nr. 6 av 18, Gutar 16 nr. 5 av 21 og Jenter 14 nr. 4 av 61 lag i 14–årsklassen.
Det har vidare vore kjekt å sjå alle dei yngre laga sin innsats både på trening og kamp. Her var mykje idrettsglede, innsats og sportsleg utvikling i løpet av sesongen.
Kommande sesong kjem Dale til å ha eit langt tettare samarbeid med Førde på jentesida. Dale sine damespelarar har tilbod om å trene og spele med Førde sitt 2. divisjonslag. Samtidig kjem Førde sine juniorspelarar til å spele på Dale sitt juniorlag og Jenter 18 laget til Dale som skal prøve å kvalifisere seg til den landsdekkande Lerøyserien.
På gutesida held Dale fram samarbeidet med Sotra slik at Dale sine spelarar kan spele i 2. divisjon, Lerøy-serie G18 og Bring serie G16 med Sotra.
Dei yngre laga til Dale spelar i regionale seriar innanfor gamle Sogn og Fjordane.
Kommande sesong blir det rundt 25 handball-lag frå Dale. Dette er ny rekord for Dale og dette er vi stolte av!
Det overordna målet for handballen er å få med flest mogleg lengst mogleg. Vi skal ha eit godt sportsleg og sosialt tilbod slik at så mange som mogleg får glede av idretten. På same tid skal vi likevel klare å ta vare på dei som ynskjer å komme seg vidare til høgare nivå.