Eirik Bakke hadde først ei treningsøkt med Dale G 13/14, og deretter eit motiverende foredrag på Dale vidaregåande om kor viktig fotballen hadde vore for han i oppveksten. Vi fekk også høyre om Eirik sin veg til norsk elitefotball og Premier League, og om avsluttinga av spelarkarriera i Noreg.
Etter foredraget vart alle invitert til god kveldsmat i kantina på skulen.

Ein stor takk til Eirik som stilte opp uten å kreve honorar for oppdraget, det set vi utrolig stor pris på. Han fekk difor ein Helle-kniv og blomar i gåve frå fotballgruppa.