- Blir du glad av å sjå gleda over born og unge i aktivitet?
- Blir du glad av å bidra til at det skjer noko i lokalsamfunnet?
- Blir du glad av at Dale har eit variabelt og godt idretttilbod?
- då er du kanskje vår nye leiar.
-Å vere leiar i Dale IL er ei kjekk oppgåve fordi det er å utruleg mange flinke og dyktige drivkrefter i laget, seier noverande leiar, Linda og held fram:
Camilla i fotball og Ragnhild i handball er drivande dyktige leiarar for sine aktivitetar. Volleyball, badminton, sykkel, kampsport, barneidrett, klatring, stigruppa og fridirtett har alle sine nydelege eldskjeler du blir glad av å samarbeide med. Fjalerhallen sin Vidar og fotballhallen sin Kristoffer sørger for at treningsarenane er tipp topp.
Leiaren er den som koodrinerar og bistår aktivitetane og passar på at vi held det vi lovar dei aktive. Lovnadane finn du om du les i Klubbhandboka . Leiaren har med seg 4 andre i styret til å fordele oppgåvene på.
Å vere leiar i eit idrettslag er ypperleg erfaring om du seinare har ambisjonar om ei leiarrolle i arbeidslivet. Det er ingenting som gir meir erfaring enn å leie eldskjeler. - GULL for CV-en.
Har du lyst eller forslag til kandidatar så send valnemnda v/Ingvild ein e-post: s__ingvild@hotmail.com
Spørsmål om leiarrolla kan du stille til Linda: mob 99 01 78 52