Oppkøyringa starta 17. januar og no i helga hadde vi vår første helgesamling med to treningsøkter, kamp og spelarmøte.

Til saman har denne kvartetten mykje god erfaring som vi trur kjem godt med i årets sesong.

Stian har vore inne som trenar tidlegare i fleire periodar. I tillegg har han vore aktiv som trenar i alderfastlagde klassar. Han har også lang spelarerfaring i klubbar som Sogndal, Vidar, LøvHam før han avslutta karriera i Dale.

Kim har tidlegare vore spelande trenar i Gaular og har spelarerfaring frå Sogndal, Mandalskameratene, Førde, Årdal og Dale. Han har også to U21-landskampar på CV-en og har såleis mykje god erfaring som vi kjem til å dra nytte av.

Jostein har spelar og trenarerfaring frå Dale og Studentspretten. Han var drivkrafta bak Studentspretten då han studerte i Sogndal og er ein solid organisator og miljøskaper.

Vegard har spelarerfaring frå Dale, Sogndal, Florø og Vik og er også fysioterapeut av yrke. Han har såleis eit ekstra ansvar for den fysiske delen av treninga.

Med denne kvartetten på plass har vi stor tru på at A-laget er i trygge hender og vi ønskjer dei lukke til!

Meir om spelarstallen kjem etterkvart.