Løyper
Østenstad Rundt
Løypa vart ferdig merkt i løpet 2011, medan siste del av tilrettelegginga vart utført i 2015. Dette er ein rundtur på 8,3 kilometer – 3 timar i roleg tempo. Følg smal traktorveg opp til husa på Torset, deretter sti opp til Grøneholten 411 moh. Vidare flatt innover til Norddalskrysset der ein også kan ta av til Norddalen og Høgefjellet. Rundløypa svingar nordover i flatt terreng mot skiltet merka Halvvegs. Derifrå stigning opp mot skilt merka Høgefjellet. Dette partiet er i myrlendt terreng. Unnabakke mot Østenstad. Følg sti vidare mot skogsvegen og følg denne ned til pilskilt merka Dalsåsen. Rundløypa er fin å gå begge vegar. I tillegg er der merka to avstikkarar til Høgefjellet (blå løype) og derifrå varda løype til Havreheia der vi og har lagt ut boks m/ bok. I tillegg ein avstikkar til Norddalen (Blå løype). Den mest populære sidestien er til Jyttilshogen som også er ei blå løype. Grøneholten åleine er vår mest populære tur (rød tur) – og dei fleste går tur/retur den.
Startpunktet for denne turen er enten Demma (på toppen av Vassverksbakken) eller frå rundkøyringa på Dalsåsen (ved Nordisk Kunstnarsenter).
Steiestølen
Løypa vart ferdig merkt 2011, med unnatak av Dyttinga-Taket, som vart merka og delvis steinsett i 2015. Vidare har ein steinsett store parti frå Slettelandsstølen og innover langs stølsvatnet. Ein flott dagstur på om lag 12 km tur- sommar som vinter (ikkje vintermerka).
I 2021 vart det også tilrettelagt med blå løype via Sesilieboten. Her kan ein gå både til Styggeheia og Taket. Det er ca 4 km til Styggeheia og 3,5 km til Taket.
Startspunktet er ved Røde Kors hytta på Steiestølen - her vil ein finne skilt.
Meir informasjon om rundløypa her.
Rakneberg- Jarstadheia
Ferdig merka i 2011. Parkeringsplass ved enden av skogsveg på Rakneberg. Jamn stigning til Storelifjellet. Flatare mot Bergsstølen, deretter stigning og litt flatare mot toppen. Turen kan også kombinerast med tur vidare til Haugland.
Startpunket er på Rakneberg. Rakneberg ligg på høgda mellom Dale og Flekke – der det er merka at ein skal svinge til høgre dersom ein kjem frå Dale frå fv. 57. Køyr oppover denne vegen og så ligg det parkeringsplass på enden av skogsveg til venstre.
Meir informasjon om turen her.
Otterstein - Fossevikja- Heileberget
Var ferdig merka i 2011. På Heileberget er det fantastisk utsikt både undervegs og ikkje minst på toppen. Stien Otterstein-Fossevikja har opna eit fantastisk naturlandskap; «Fossedalen og fjella rundt». Det vart i løpet av 2013-2014 lagt ned ein formidabel innsats med å oppgraderte sti frå parkeringsplass på Otterstein til Fossevikja. Stien var klar våren 2014, og det har til tider vore reine folkevandringa til Fossedalen og Heileberget.
Meir informasjon om turen her.
Elvestien
Dette er ein særs populær sti som er mykje nytta. Stor dagleg trafikk med folk i alle aldrar. Stien er sentrumsnær og lyssett, noko som gjer at den kan nyttast heile året. Av alle stiane er dette «lågterskeltibodet». Denne stien vart til i eit samarbeid med Fjaler kommune. Fram til 2017 har stigruppa hatt eit mindre vedlikehaldsansvar for denne, som kommunen no har overteke.
Meir informasjon om turen her.
TiTur Dalsfjorden
Inspirert av Titur Sunnfjord har vi arrangert Titur Dalsfjorden sidan 2017 saman med turgruppa i Aksvoll og dei to kommunane. Ein tok utgangspunkt i merka stiar langs fjorden, og plukka ut fem toppar i kvar av kommunane Askvoll og Fjaler. Målsettinga har vore at både tilreisande og fastbuande skal oppdaga fleire av dei fine turmåla og fjella vi har langs Dalsfjorden. Turane har vore lette til middels krevjande og passar for dei aller fleste. Alle stiane er merka med startpunkt og undervegs av dei lokale stigruppene i dei to kommunane. Mange av dei er ein del av prosjektet Kystarven der ein merka 20 stiar i kvar kommune i Hyllestad, Solund, Gulen, Askvoll og Fjaler.