Friidrett har ikkje hatt aktivitet for born og unge dei siste åra , men det er fleire eldskjeler som no har tatt initiativet til å få på plass eit godt tilbod til born og unge.
Det er oppretta eit interimstyre som mellom anna jobbar med å oppgradere friidrettsanlegget frå grusbane til kunstdekke med to rundbaner a 400 meter og 4 sprintbaner a 100 meter. I tillegg ynskjer ein å få på plass 1-2 lengdegroper, samt kastanlegg på sikt.
Det var faktisk friidrett som var den første aktivteten i Dale IL nå laget vart etablert i 1926 så det er veldig bra med ny giv np når vi nærmar oss 100 årsdagen.