Bakgrunnen for dette, er at Norges Idrettsforbund ynsker strømming av idrett inn i meir kontrollerte former. Det har over heile landet vore mykje tilfeldig filming og distribuering til sosiale media/ YouTube, der barn og unge ikkje har vore klar over at dei vart filma, eller ikkje har hatt moglegheit til å reservere seg mot filming. I sommar trådde nye retningslinjer for strømming av barne- og ungdomsidretten i kraft. Her skal ein og sikre at barn og unge som har eit særskilt behov for beskyttelse skal bli ivaretatt.
NIF har valt å samarbeide med éin leverandør for strømming av idretten; selskapet MyGame som er eigd av TV2 og Amedia. Dei har ilag med NIF, fleire særforbund (inkl. Norges Håndballforbund) og Datatilsynet utvikla ei strømmeteneste som ivaretar dei ulike omsyna. Retningslinjene er tydlege på at det ikkje skal strømmast frå barne- og ungdomsidretten i aldersklassar under 15 år, eller om det deltar utøvarar under fylte 13 år. Det betyr at utøvarar som er fylt 13 år og deltar i 15 års klassen, vil kunne bli strømma.
Det er samstundes utarbeidd retningslinjer for å kunne reservere seg mot filming. For å reservere seg, kan ein logge seg inn i Min Idrett og gå til Personvern/ Reservasjon. Lag kan reservere seg direkte i TA. Det er og tatt omsyn til personar som bur på hemmeleg adresse.
Kameraet i Fjalerhallen vil bli brukt i tråd med retningslinjene over, som betyr at det kun er aldersklasse 15 år og opp som kan bli strømma. Dale IL Handball sine lag frå 15 år og opp er orienterte om dette. Vi har informert på foreldremøter og det er hengt oppslag i hallen for å informere publikum.
Kameraet er plassert slik at publikum ikkje skal bli filma, og i pausen kjem det opp eit filter som gjer at ein ikkje kan kjenne att folk på bana, dersom t.d. yngre barn spring ut for leike. Strømming vert automatisk styrt etter oppsett tidspunkt for kamp, og er dermed ikkje styrt av nokon i hallen. Likevel har sekretariatet moglegheit til å stoppe filminga dersom det oppstår ting på bana som ikkje skal filmast. Det vert sendt ut eigen informasjon om dette til oppmenn.
Med ei slik løysing på plass, opnar det opp for at familie og vener til tilreisande lag kan følgje med på kampane. Dette tilbodet er det stadig fleire hallar som tilbyr, og vi synast det er fint å kunne tilby det også frå Fjalerhallen. Det er på same tid viktig for styret at våre spelarar og foreldre får naudsynt informasjon, inkl. om moglegheita for å kunne reservere seg. Det er og sannsynleg at Dale sine lag vil møte tilsvarande kamera i andre haller, og då ynskjer vi at ein skal kjenne til kva dette er.
For å kunne sjå kampane krevst eit abonnement. Det står meir om det på MyGame sine nettsider. Der er det også oversikt over planlagde sendingar og kva haller som har kamera montert.
Meir informasjon:
- Samarbeid Norges Idrettsforbund og MyGame
- Brukarrettleiing og reservasjonsmoglegheit
- Informasjon frå MyGame til idrettslag og kommuner (sjå vedlegg under)
Kontaktperson i handballgruppa er leiar Ragnhild B. Follevåg.