Medlemsavgift
For å delta på ein eller fleire aktivitetar i idrettslaget, må ein vere medlem av Dale IL. Då betaler ein medlemsavgift direkte til hovudlaget. Sjå nærmare informasjon frå idrettslaget.
I tillegg er det undergrupper i idrettslaget, som t.d. handballen, der ein betaler eigne avgifter for å vere med.
Treningsavgift
Treningsavgift blir sendt ut på slutten av året. For handballen er denne avgifta med å dekke leige av treningsareal og vedlikehald av dette, felles utstyr, påmeldingar osv. Er ein aktiv i fleire idrettar, skal ein betale treningsavgift for maksimalt to aktivitetar.
Treningsavgift handball i 2022:
- Under 13 år: Kr. 400,-
- F.o.m. 13 år: Kr. 600,-
Merk at alle til og med 8 år betaler kun ei treningsavgift på kr. 500,- uansett kor mange treningsaktivitetar ein deltar på. Treningsavgift t.o.m. 8 år vert betalt direkte til hovudlaget.
Aktivitetsavgift
Utover treningsavgifta har handballgruppa ei aktivitetsavgift på kr. 100,- pr. sesong. Dette dekker ein liten del av det vi brukar på å halde i gang handballaktiviteten, inkl. innkjøp av drakter, ballar og rekvisita til trening, samt reiser og dommarutgifter. For handballen vert denne vanlegvis fakturert ilag med treningsavgifta.
Betaling
De får tilsendt faktura i Min idrett og får varsel om betaling på e-post. I tillegg kan de få faktura i PDF pr. e-post, og kan få varsel på Vipps. Ein kan då få inntrykk av å bli fakturert fleire gongar, men de blir de ikkje. Det har hendt at fakturasystemet har sendt ut to varsel for same faktura. Om dette skjer, skal du sjølvsagt ikkje betale same faktura to gongar.
Ein kan oppleve det overveldande å få mange fakturaer på ein gong, spesielt om fleire i familien er aktive. Vi håpar imidlertid at de opplever å få mykje att for pengane utover året. Idrettslaget har ei viktig funksjon m.o.t. å halde oss fysisk aktive, skape sosial tilhøyring og erfare deltaking og meistring. Så og seie alt arbeid er gjort på dugnad, som gjer til at beløpa ikkje blir høgre enn dei er. I tillegg jobbar handballgruppa aktivt inn mot sponsorar og gåver for å halde kostnadene nede.
Lisens
Frå og med det året ein fyller 13 år må ein betale lisens. Sjå Lisens og forsikring for meir informasjon.