Alle aktive handballspelarar må ha gyldig lisens f.o.m. det kalenderåret dei fyller 13 år. Lisensen er også ei forsikring dersom ein skadar seg i kamp eller på trening. 

For å betale lisens så loggar ein inn i "Min Idrett". Dei som ikkje betalte lisens forrige sesong må få klubben eller klubben sin region til å opprette eit lisenskrav i Sportsadmin. Ta kontakt med din trenar, oppmann eller styret for å få tilsendt lisenskrav. 

Vi ynskjer ikkje at økonomi skal vere ein barriere for å drive med handball. Handballforbundet har dei siste åra hatt ein lisensfond for å dekke kostnaden dersom ein har vanskar med å betale. For dei yngste spelarane (som fyller 13 år) er søknadfristen som oftast i januar, og dei betaler kun for halve sesongen. For dei eldre spelarane er fristen på hausten. I 2022 var fristen 01. oktober.

Sjå Handballforbundet sine sider for meir detaljert informasjon om lisens og forsikring, samt støtteordninger.