Basistrening er svært viktig trening for å førebygge idrettsrelaterte skadar. Dale IL Handball tilbyr denne treninga til alle unge og vaksne i Dale IL - uavhengig av kva idrett ein driv med eller om ein ikkje driv med idrett i det heile tatt.
Det er to økter i veka med to ulike instruktørar:
- Tysdag kl. 1845-1945 med Amalie Myklebust. Fokus på styrke, uthald og generell teknikk.
- Torsdag kl. 1930-2030 med Malene Solheim. Fokus på skadeførebyggande styrke, balanse og koordinasjon.
Nedre aldersgrense for å delta på basistrening er 12 år og gjeld året ein fyller 12 år.
Sjekk ut Facebook-sida vår for å melde deg på basistrening!