Pliktig medlemskap
For å delta som aktiv idrettsutøver skal du jfr. Norges idrettsforbund vere knytta til eit idrettslag, og skal du delta i aktivitetar i Dale IL må du også vere medlem. Er du trenar eller har andre verv i gruppene skal du også vere medlem i laget. Med ditt medlemskap følger ei forsikring som skal sikre deg ved eventuell skade. Les mer om dette under medlemskap og forsikring. Det finnest nokre unntak fra dette som gjeld ved utlån av spelarar etc. Sjekk med ditt lag.
Medlemskontingnet og treningsavgidtavgift
Vi skil mellom medlemskontingent og treningsavgift.
Medlemskontingenten betalast til hovudlaget, medan den enkelte særidrett (fotball, handball, ski, badminton, friidrett, sykkel, volleyball, klatring, kampsport) krev inn ei treningsavgift for å dekke kostnader forbunde med treningar og aktivitetar til det lag eller den gruppe du skal representere.
Felles treningsavgift for aktive til og med det året dei fyller 8 år
Alle tom 8 år betaler kun ei treningsavgift til Dale IL på kr 500,- . Dette gir deg rett til å delta i alle aktivitetar som har tilbod for denne aldersgruppa i laget. Det skal også vere heilt frivillig å delta på aktivitetane og du kan variere kva du deltek på. Det er alltid greit å melde seg på slik at ein veit kor mykje ressursar som må til for å levere ei trygg og god trening.
For alle andre treningsavgifter så sjå på den enkelte gruppe si side.
Tillitsvalgte og medlemskontingent
Alle som er tillitsvalgte representantar for idrettslaget skal være medlemer. Dette fordi tillitsvalgte skriv under på papirer på vegne av idrettslaget og er derfor laget sine representanter i slike sammenhenger. Kun medlemmer av laget har stemmerett i styresaker og årsmøtesaker
Støtte fra Idrettsforbundet
Ditt medlemsskap i idrettslaget utløyser støtte frå Idrettsforbundet. For kvart betalande medlem fra 6-19 år, som er registrert i idrettslaget vil idrettslaget motta tilskot som fordelast tilbake til særidrettane og kjem alle saman tilgode.
Forsikring gjennom medlemskap
Alle born som er tilslutta idrettslaget ditt ved sitt medlemskap er kollektivt forsikra gjennom Norges Idrettsforbund. Denne ordningen gjeld til og med det året dei fyller 12 år. Forsikringa gjeld også for trenarar, leiarar og dommarar når desse saman med utøvarar gjennomfører organisert trening/øvelse, konkurranse eller i samband med reise til og frå.
Satsene for medlemskap
Type | Pris |
Medlemskap for aktive 0 - 16 år |
Kr 100,- |
Medlemskap for aktive over 17 år | Kr 200,- |
Medlemskap for trenarar og andre ressurspersonar | Kr 200,- |
Støttemedlemer | Kr 100,- |
Ta kontakt ved spørsmål
Alle spørsmål om medlemskap kan du sende til: daleidrettslag@gmail.com