Kva handlar Fair play om?

Fair play handlar om det som skjer på og utanfor bana, og er normen som skal prege aktiviteten vår på alle nivå, herunder respekt for, og etterleving av, gjeldande regelverk, retningslinjer og verdisett. Fotballarenaen er ein arena der vi skal ha respekt for alle menneske og forsterke fellesskapet. Fotballkampar skal spelast i trygge rammer slik at alle får gode opplevelingar. Fair play skal synleggjere korleis fotballen tar ein oppdragande rolle overfor barn og ungdom, og er grunnlaget for vårt omdømme og våre handlingar.

Fair play i kamp
Kampvert, Fair play-helsing og Fair play-møtet skal bidra til at fotballkampar skal spelast i trygge rammer slik at alle får gode opplevingar.
 
Alle kampar skal ha ein god og trygg ramme, og alle har eit ansvar for at kampen blir en god oppleving for alle involverte. Det er viktig å ha gjensidig respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, foreldre og publikum.
 
Trenar-, spelar-, og foreldrevett er sentralt for at alle skal få ei god og trygg fotballoppleving.
 
 

Fair play-ansvarleg

Fair play-ansvarleg har det overordna ansvaret for å koordinere og implementere klubben sitt Fair play-arbeid i alle lag.

Fair play-ansvarleg i Dale IL Fotball er Giske A. Norddal. Uønskte hendingar kan meldast til ho på e-post eller mobil 95977551. Ein kan også nytte NFF sin varslingskanal, der ein kan vere anonym om ein ønsker det.