Fotballhallen finn du ved Dingemoen stadion, og opna i 2021. Alle kan bruke hallen, men dei som har oppsett treningstid eller kamp går føre.
Opningstider
- Mandag- fredag 08.30- 21.30
- Laurdag-Søndag 08.30- 16.00
Ta vare på den fine hallen vår
Alle som nyttar hallen har ansvar for å forlate den slik du ynskjer å finne den
- Rydd opp etter deg (Ballar, utstyr, mål og anna skal ut av bana og tilbake på plass)
- Kast bosset ditt i bosspannet
- Dersom noko er øydelagt eller ikkje fungerer må du gje beskjed snarast
- Sjå til at nødutgangane ikkje er blokkert
Kontaktpersonar
Gjeld det drift av anlegg: Kristoffer Rogne, tlf 95731785
Gjeld det sporstsleg aktivitet og utleige: Camilla Valvik, tlf 90817614