Hovudstiane våre er merka med raudt og sidestiane er merka med blått. Kartinformasjon finn du på Ut.no

Stigruppa er eit underbruk av Dale Idrettslag, og vart etablert i 2009 for mellom anna å ta del i Kystarvstiprosjektet i HAFS, eit prosjekt som består av ca. 100 stiar i dei 4 HAFS-kommunane. Sidan gruppa vart etablert i 2009, har det meste av arbeidet vore prega av opparbeiding av stiane; merking, steinlegging, rydding, brubygging m.m. Størstedelen av dette arbeidet er vi no i mål med, og vi er no inne i ein «driftsfase» der vi kan konsentrere oss om vedlikehald, forbetringar og tiltak som vil auke bruken av stiane.

Stigruppa sitt engasjement har heilt sidan starten vore å få fleire av «sofaslitarane» til å komme seg ut. Grunntanken var at dette ville vi klare ved å merke og legge til rette på ein slik måte at «alle» kunne føle seg trygge- terskelen for å gå tur blir minst muleg. Dette har også synt seg å virke. Spesielt for dei sentrumsnære stiane Østenstad og Elvestien. På begge desse stiane er trafikken betydeleg over det vi såg føre oss.

Mange av dei som no nyttar stiane, som ikkje gjorde det før, trur vi gjer det nettopp fordi det er «lågterskel» og ikkje forbunde med konkurranse eller «pes». Soleis kan prosjektet seiast å ha vore ein stor suksess både med omsyn til å få fleire ut i naturen og ikkje minst med tanke på folkehelsa. Etter vårt skjøn er tilrettelegging av stiar kanskje det  viktigaste folkehelsetiltaket i Fjaler dei siste åra. Billegare tilrettelegging for folkehelsa finnast knapt nok!

Stigruppa består i 2022 av fylgjande medlemmar: Sivard Skaar, Irene Øen (leiar), Vegard Strand, Veronica Myklebust, Rolf Kleiven og Synnøve K. Strand.

Kontaktperson

Irene Øen
Mobil: 95168850

Løyper

Sjå våre løyper.

Medlemskap

Foreldre/ foresatte bes om å registrere seg og sine barn som medlem i klubben.
Les mer om medlemskap i klubben

Registrer deg/ditt barn som medlem