Dale IL Sykkel er til for deg som ynskjer å trene sykkel - uansett alder. Vi prøver å ha faste treningar heile året i form av turar ute på vår/sommar, og spinning i Fjalerhallen på haust/vinter.

Som gruppe varierer vi litt i tal aktive, men normalt er vi 15-20 syklistar tilknytta gruppa. Vi prøver å sette oss nokre årlege treningsmål, gjerne i form av ritt som t.d. Bergen - Voss og Birken. Vi har vår eiga klubb-drakt, og vi har klubbsyklar til låns dersom De vil prøve Dykk på ein treningstur.

Spinningtimar frå januar 2023 - Mai

  • Mandag kl 19:30 - 20:30
  • Onsdag kl 19:30 - 20:30
  • Fredag kl 18:00 - 19:00

Du melder deg på spinning her:
Bookingkalendar

Treningstider ute vår/sommar 2023

  • Tysdag kl 1800 med oppmøte ved Dingemoen Skule.
    • partalsveker syklar vi t/r Nautsundet, ca 38 km. 
    • oddetalsveker syklar vi bakkeintervall opp Vassenden. Bakken opp er ca 800 meter med 10% stigning.
  • Fredag kl 1800 med oppmøte ved YX Dale Servicesenter.
    • vi syklar til Askvoll skule, rundt Olset og tilbake via Vårdal. Totalt ca 45 km. Denne treninga vert populært kalla for "Taco-runda", og er populær å delta på.

Vi prøver og å gjennomføre lengre turar i helgane, dersom det passar for folk og er nokolunde bra vær. Avtaler gjerne dette på treninga fredag. Vil og anbefale alle å registrere seg på www.strava.com for eigen motivasjon. Då vert alle treningar logga, og registrert opp mot andre på Strava som syklar same turar. Veldig motiverande!

Ei populær eigentreningsøkt er turen rundt Strandavatnet, ein tur på 17 km med start og mål på Dingemoen. Denne ligg på Strava, og er ein fin måte å måle seg sjølv opp mot eigne og andre sine tidlegare prestasjonar.

Sjekk og vår Facebook side Dale IL Sykkel.

LÅGTERSKEL

Måndagar kl 18:30 kan du som vil prøve deg på sykkeltrening utandørs vere med på eit nytt tilbod.
Det er ein variasjon av landeveg- og terrengsykling. Vi skal trene, men også passe på at alle får ei god oppleving. Det kan vere vi endrar på opplegget når vi har erfart om det er noko som passar for alle. 

Her er planen:

Dato Tid Treningsplan Oppmøtestad Type sykkel
08.mai  18:30 Strandavatnet rundt med ein ekstra intervall i Hålandsbakken - Vassenden Dingemoen skule Landeveg
15.mai 18:30 Botheim- Heggnes - Haugland (vi må bere syklane litt)- Flekke- Postvegen heim YX Terreng
22.mai 18:30 Dale-Straumesnes-Dale Dingemoen skule Landeveg
29.mai 18:30 YX - Yksnebjør - intervallar i skogsvegen og heim YX Terreng
05.mai 18:30 Dale-Holmedal- Hellestranda - Ringstadflata - Heim YX Landeveg
12.mai 18.30 Fjalerhallen- Vosseteig - Stav- Flekke - Stav på asfalt- Strand- Lynje- Håland- Vosseteig og heim Fjalerhallen Terreng

Linda Hovland vil vere kontaktperson på denne treninga: Mob 99 01 78 52

Kontaktperson

Ståle Brattelid
Mobil: 95102565
stale.brattelid@norsk-tipping.no

Medlemskap

Foreldre/ foresatte bes om å registrere seg og sine barn som medlem i klubben.
Les mer om medlemskap i klubben

Registrer deg/ditt barn som medlem