Slik starta det

Fotballen kom til Dale på midten av 1930-talet og det var tilflyttarar frå Bergen som introduserte den populære sporten for dei lokale ungdommane. Den 28. juni 1936 vart den første fotballkampen til Dale spelt. Då møtte dei Stongfjorden på Dingemoen og tapte 3-1.

Under 2.verdskrig reiste fleire på laget over til Shetland og melde seg til teneste for dei allierte.
Då dei kom tilbake etter at krigen var over fekk dei raskt i gong aktiviteten att, og allereie året etter -29. juli (olsokafta) 1946- møttes Førde og Dale til kamp på Kronborg i Førde framfor 2500 tilskodarar!

Nokre år på 50-talet hadde ein ikkje seniorlag i Dale, men då Olav K. Strand flytta tilbake igjen på slutten av 50-talet tok han tak og fekk opp igjen fotballaktiviteten.

I 1963 vart divisjonssystemet slik vi kjenner det i dag innført og dei neste 10 åra pendla Dale mellom fylkesdivisjonen og divisjonen under. I denne perioden starta ein også med heimhenting av spelarar som var ute og studerte eller i militæret, ein praksis som framleis lever i beste velgåande.

Storheitstida 

1974 markerte starten på storheitstida for seniorfotballen i Dale. Då rykka A-laget som den første klubben i Sunnfjord opp til 3.divisjon og vart ein del av den nasjonale seriesystemet.
Sesongen 1975 var omfatta med stor interesse i regionen og 5-600 tilskodarar var til stades på heimekampane. Det var nære på at ein berga plassen, men dessverre måtte ein ta den tunge vegen ned igjen.
I 1978 rykka laget opp igjen, men dessverre vart sesongen 1979 ein nedtur og det vart nedrykk også denne gongen.

I 1982 var ein kun fire mål frå å gjenta bragda, men etter ein anstendig sesong året etter starta nedturen i 1984. To år seinare rykka ein ned frå fylkesdivisjonen og heilt fram til 1996 vart ein verande i divisjonen under med eit års unntak.
Deretter følgde ein nokre gode år med plasseringar i øvre halvdel av fylkesdivisjonen før ein rykka ned i 2002. Dette nedrykket markerte starten på ei ny runde med heistilvære mellom dei to divisjonane. I 2009 rykka ein opp igjen til fylkesdivisjonen med eit ungt og svært lovande lag.

I samband med omlegginga av seriesystemet i 2010 var ein svært nær å komme med i det nasjonale seriesystemet for tredje gong, men dessverre sprakk vi på slutten av sesongen.


Seriesystemet vart nok ein gong lagt om og spissa i 2016. Då kom ein med i den nye fylkesdivisjonen og har vore der fram til eit surt nedrykk i den amputerte korona-sesongen 2021.
I 2022 spelar A-laget difor i 5. divisjon.

Fotball for alle

Lenge var fotball kun for vaksne, men etter kvart som stadig fleire aldersfastlagde tilbod i gong.
I første omgang gjaldt dette for eldre ungdommar, reservespelarar og old boys.
Spesielt utover 1990-talet og særskilt etter 2000 har aktiviteten i fotballgruppa vore sterkt aukande. Jentene kom med for fullt, ungane starta med fotball i stadig yngre alder og nye spelformer som 3ar og 5ar skapte meir aktivitet.

I dag er fotballen den klart største fritidsaktiviteten i kommunen.

Viktige milepælar for anlegga våre

Dale IL har vore offensive på anleggsfronten og her har det vore lagt ned eit enormt arbeid gjennom mange år.

Laget fekk fullverdig grusbane på Dingemoen i 1963 og i 1968 stod Dingemoen stadion med grasbane og friidrettsanlegg klar.
I 1990 kom neste milepæl med realisering av Fjalerhallen og grusbane.  

Vi var den første klubben i Sunnfjord med kunstgras i 2001. 11 år seinare fekk ein lagt nytt og tidsmessig dekke på kunstgrasbane og sidan den tid har ein gradvis bygd ut Dingemoen idrettspark til ein flott fotballarena med m.a tribune med stolar og nye flomlys. Sidan 2016 har dette vore hovudarena for alle heimekampar.

I 2021 kunne ein ta i bruk ny fotballhall med innandørs kunstgrasbane på 60x40 og dermed starta ei heilt ny tidsrekning kva angår fasilitetar, spesielt på vinterstid. I tillegg inneheld hallen klubbrom, ny kiosk/kjøkken og speakerbu.