KLUBBHANDBOKA
I klubbhandboka finn du informasjon om det du kan forvente at alle gruppene og medlemene i laget skal levere på av mål og verdiar når ein er med på aktivitetane.

  • Kva skal trenar skal levere
  • Kva vi kan forvente av foreldre
  • Kva dei aktive skal forhalde seg til

Den fortel også korleis vi skal samarbeide og drive aktivitetane i Dale IL.
Det står også kva regelverk vi er forplikta til å følge som eit idrettslag under vengene til Norges Idrettforbud?
Det står også på kva måte du kan melde om ting som opptek deg enten det er gode innspel eller bykymring for korleis vi gjer ting.

Enkelt og greit så er det for at aktive og foreldre skal vite at det er tygt å vere medlem, trygt å trene og gøy å drive med idrett og fysisk aktivitet. 

Klubbhandboka er det medlemene som vedtek på årsmøte.

ØKONOMIHANDBOKA
Styret i Dale IL  har det overordna ansvaret for laget sin økonomi.

Økonomihandboka skal vere eit hjelpemiddel for Dale IL for å sikre god økonomistyring. Regnskapsførarar, kasserarar, trenarar, lagledeiarar og andre som treng ei innføring i korleis økonomirutinane til idrettslaget fungerar skal kunne finne informasjonen dei treng i økonomihandboka.

Førmålet med økonomihandboka kan oppsummerast i tre punkt:

  • Dale IL skal bruke og forvalte laget sine midlar på en forsiktig og hensiktsmessig måte og i tråd med det som er vedtatt på årsmøte.
  • Idrettslaget skal ha en tilfredsstillande organisering av bilagsføring, regnskapsføring og budsjetthandtering
  • Idrettslaget skal ha ei forsvarleg økonomistyring