All aktivitet for dei minste skal ha preg av leik og moro der målet er å utvikle allsidige ferdigheiter, kjenne på å få ting til og bli trygg i lag med andre born og vaksne. 

Så blir det litt meir alvor og spesialisert for konkurranseidrettane etter kvart som ein blir eldre. Vi vil alltid ha fokus på å ha varierte lågterskelaktivitetar også. Vaksne, funksjonshemma og psykisk utviklingshemma har også gode tilbod hos oss. 

Du finn informasjon om tilbodet under kvar gruppe i menyen på sida. 

Vi har stort fokus på at alle skal kunne delta i fleire idrettar og føle at ein høyrer til Dalefamilien. Det gjer vi ved å samarbeide internt om treningstidene kolliderer, vere open for å etablere nye aktivitetar, samarbeide med andre klubbar og kulturskulen.
Vi lovar å halde eit så billeg tilbod som mogeleg innan alle idrettar. Vi skal alltid vere tilgjengelege for innspel, ris og ros. 

Du som aktiv og føresett skal kunne stole på at vi driv trygg og god aktivitet for alle dei hundrevis av aktive i laget. I Dale IL er det klubbhandboka som gjeld for all aktivitet. All idrettsleg aktivitet og drift er forankra i regelverket til Norges Idrettsforbund og særforbunda for kvar idrett sine retningslinjer.

For aktive betyr det at ein er forsikra. Alle trenarar og ressurspersonar har forplikta seg til å følge reglane og alle må vise politiattest. All aktivitet er utvikla og blir driven ut frå fagleg kunnskap.

Frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd er kjerneverdiane våre.

Du som medlem, føresett, trenar eller frivillig er alltid velkommen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål, innspel, idear, tips, ris eller ros.

Alle aktivietar skal drive under desse verdiane

Les historia til Dale IL

Medlemskap

Alle som er ein del av Dalefamilien som aktiv, trenar eller anna ressurs må vere medlem. Dette for å ha alle rettar som ligg under regelverket for idrattsaktivitet i Norge.