Debuterte som dommarar i 3. divisjon
I sesongen 2022/23 har det vore 12 aktive dommarar i Dale IL Handball. Tre av dei er komme opp på nivå 6 og har debutert som dommar på seniornivå. Dommarane har ei avgjerande rolle som kampleiarar, og det er gledeleg å ha fått opp dommarar på dette nivået. Norges Håndballforbund Region Vest tok ein prat med Katja og Aleksandra når dei dømte sin første kamp i 3. divisjon.
Ein flott handballsesong er over
Herrelaget til Dale IL Handball rykka opp i 4. divisjon den første sesongen i 5. divisjon. Dette er svært positivt for handballen i Dale og i Sunnfjord. Dale tar då følgje med Førde som vann 5. divisjon. Det er då klart for nye, tøffe kampar mot Førde og dei andre, gode laga i 4. divisjon.
Strøyming av ungdomsidrett blir sett på pause
Dale IL fekk installert utstyr for strøyming av kampar hausten 2022. Vi set dette på pause inntil vidare.
Dale IL Handball
Dale IL Handball har tilbod om handballtrening til gutar og jenter frå 7 år opp til seniornivå.